Jølster hotell
Jølster hotell. Verda midt i Jølster. Det staselege sveitserhuset som har teke imot gjester frå 1890-talet til vår tid, har dei siste sju åra husa kring 100 asylsøkjarar, mellom anna frå Eritrea, Etiopia, Sudan, Syria, Afghanistan og Irak. Katrine Sele, som bur i Jølster, oppsøkjer asylmottaket. Ho blir kjend med huset, folka og historiene der. Det har blitt ei sterk og viktig bok om eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid, flyktningkrisa og menneska som er råka. Jølster Hotell er inga vanleg dokumentarisk skildring av flyktningsituasjonen i dag, men det er ei nær og varm forteljing om korleis det er å vente, vente på vedtak, vente på at klager skal bli behandla, vente på å bli busett, vente på at livet skal byrje.
Forfattere: Katrine Sele | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 175 |
ISBN: 9788252192407 | Vekt: 300 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2017 | Veil. pris: 429 kr |
Kategori: Samfunn, historie |