Jag är Supermann
Jag är Supermann. Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar Les mer... seg for å halde tale i gravferda til veslebror sin. Og rebellen Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo.
Og midt i alt dette finst det truleg også ein rømling, i skjul, ein eller annan stad.
Historiene i Jag är Supermann går føre seg i løpet av eit varmt døgn i juli, og er ei blanding av roman og forteljingar, der lagnader kryssar og påverkar kvarandre. Alle ungdommane har ulike prosjekt, men kvar og ein ber på eit intenst ønske om å bli sett og finne feste i verda.
Noko som gjer det heile verdt det.
Forfattere: Lars Mæhle | Utgave: 2 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 126 |
ISBN: 9788252199420 | Vekt: 134 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2019 | Veil. pris: 229 kr |
Kategori: Norsk skjønnlitteratur for barn og ungdom |
For flere skjønnlitterære barnebøker trykk her