Jag är supermann
Jag är supermann. Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar seg for å halde tale i gravferda til veslebror sin. Og rebellen Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo. Og midt i alt dette finst det truleg også ein rømling, i skjul, ein eller annan stad. Historiene i Jag är Supermann går føre seg i løpet av eit varmt døgn i juli, og er ei blanding av roman og forteljingar, der lagnader kryssar og påverkar kvarandre. Alle ungdommane har ulike prosjekt, men kvar og ein ber på eit intenst ønske om å bli sett og finne feste i verda. Noko som gjer det heile verdt det.
Forfattere: Lars Mæhle | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 126 |
ISBN: 9788252191233 | Vekt: 240 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2017 | Veil. pris: 249 kr |
Kategori: Romaner ungdom |