Intertekst essens (Nynorsk)
Intertekst essens. Intertekst essens vg3 er ein lettlesen versjon av Intertekst vg3, norsk for studieførebuande utdanningsprogram. Boka følgjer læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Ho eignar seg også for elevar som følgjer den ordinære læreplanen, men som har behov for ekstra støtte i norskfaget. Intertekst essens har same struktur som hovudboka, og bøkene kan dermed brukast samtidig i klasserommet. Fagstoffet er enkelt presentert, og sjangerkapitla gir trinn-for-trinn-hjelp til skrivinga. Både teori og tekstsamling har rikeleg med ordforklaringar. For elevar som følgjer ordinær læreplan, finst det tilleggsstoff på «Pluss»-sidene. Tekstsamlinga er tilpassa målgruppa, med eit utval av tekstane i Intertekst vg3. Boka har eigne nettressursar med mellom anna lese-, skrive- og munnlegverktøy, undervisningsopplegg og årsplanar. Intertekst essens vg3 er også tilgjengeleg som digital bok og som lydbok. Alle komponentane til Intertekst essens finst i både bokmåls- og nynorskversjonar.
Forfattere: Anne-Marie Schulze, Karen Marie Kvåle Garthus, Jorunn Øveland Nyhus, Marianne Kirkhorn | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 432 |
ISBN: 9788211036063 | Vekt: 916 g |
Forlag: Vigmostad & Bjørke AS | Innbinding: |
Utgitt: 2022 | Veil. pris: 839 kr |
Kategori: Videregående skole |