Horoskop: Fengsel? Horoskop: Kjærleik
Horoskop: Fengsel? Horoskop: Kjærleik. Dikt på arabisk og norsk. Mansur Rajih vart dømt til døden i Jemen i 1983 etter at det vart fabrikert ein tiltale mot han for mord. Han sat fengsla i femten år, sju år med fotlenker. Folk i Jemen elskar dikta han, og venner smugla dei ut av fengslet, og sørga for at dei vart trykte i aviser over heile den arabiske verda. "Eg skriv kvar dag. Eg skriv mot terror, mot all urett. Og når eg skriv, er det som eg greier å sleppe ut av fengslet ein augneblink." Eit langvarig internasjonalt press førte til at Rajih blei sett fri. Dikta i denne samlinga er fra fangetida, og er gjendikta av Tor Obrestad. Her er mange vakre kjærleiksdikt, som kan forklara korleis det er mogleg for eit menneske å kjempa mot slike overgrep.
Forfattere: Mansur Muhammad Ahmad Rajih | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 98 |
ISBN: 9788202201296 | Vekt: 182 g |
Forlag: Cappelen Damm AS | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2000 | Veil. pris: 198 kr |
Kategori: Lyrikk |
For flere skjønnlitterære bøker trykk her