Havørna

Havørna

Det Norske Samlaget

  • 210 kr

Kun 1 igjen

Havørna. Møt eit av Noregs mest fascinerande dyr. Da den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiastar har gjort fredinga til ein suksess. Vi har i dag ein ny, levedyktig bestand med bortimot 14 000 havørner i Noreg. I boka blir vi betre kjente med denne store rovfuglen, eit av dei mest eksotiske innslaga i den norske faunaen. Saman med den fremste ørneeksperten i landet, Alv Ottar Folkestad, og fotograf Roger Engvik tar forfattaren oss med inn i kvardagen i havørnfamilien. Boka fortel om den planmessige utryddinga havørna vart utsett for, og den vellykka redningsaksjonen, viser kva rolle ørna har hatt i folketrua og mytologien, og ser ørnehistoria i lys av dei store miljøutfordringane i vår tid. I ei tid der dyreartar blir utrydda i eit faretrugande tempo, er dette ei bok som gir håp.

Forfattere: Gunnar Myklebust Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 202
ISBN: 9788252199086 Vekt: 443 g
Forlag: Det Norske Samlaget Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2020 Veil. pris: 429 kr
Kategori: Natur, friluftsliv, sport
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out