Hard er mitt lands lov

Hard er mitt lands lov

Det Norske Samlaget

  • 99 kr

Kun 1 igjen

Hard er mitt lands lov. Stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika! Året er 1010. Eit norsk vikingskip ligg i Roma på handel. Ein mann frå dei norrøne nybygdene på Grønland går om bord. Han kjem i krangel med hovdingen på skipet. Orda hans er uforsonlege, og etter ein bitter strid står han der som drapsmann. Mannskapet vil hemne hovdingen, men grønlendingen staggar dei med ei forteljing om ei gammal fønikisk handelsrute til det indre av Afrika og med løfte om rikdom og ære. Dei lèt seg fange av orda hans, og då skipet står til havs mot vest, står grønlendingen til rors som ny hovding på Havjerven. Med det startar ei skjebnesvanger reise. Hard er mitt lands lov er ein stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika. Tore Kvæven (f. 1969) bruker si eiga erfaring frå reiser i Afrika, og inspirert av islendingesogene og med eit vell av historisk kunnskap tek han lesaren med på eit uforgløymeleg tokt.

Forfattere: Tore Kvæven Utgave: 3 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 542
ISBN: 9788252196085 Vekt: 497 g
Forlag: Det Norske Samlaget Innbinding: Heftet
Utgitt: 2018 Veil. pris: 249 kr
Kategori: Norsk skjønnlitteratur for voksne
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out