Håp for samlivet
Håp for samlivet. Gled deg! Det finst håp for samlivet - jamvel om både statistikkar og media fortel at samlivsbrotikkje er uvanleg! Psykiater Hans Olav Tungesvik kjem med råd og rettleiing som kan brukast av ektepar i nyforelska rus eller i full krise. Ved jamn og tilstrekkeleg tilførsel av vitaminer, og ved å læra kjærasten så godt å kjenna at ein veit kva som er godt for han/henne å bli møtt med, kan de leva lukkeleg og unngå samlivsbrot eller finna tilbake til kvarandre dersom krisa alt er eit faktum. Du får ei romsleg tolking av kva som ligg i omgrepet "kjærleiksspråk", og ein spennande gjennomgang av 10 viktige vitaminer for samlivet frå den erfarne forfattaren, som gjennom personleg rådgjeving har samtala med ektepar i krise gjennom fleire tiår. I boka vil du òg møta par som har stilt sine erfaringar til disposisjon, i håp om at det dei har vore gjennom, kan koma til nytte for andre.
Forfattere: Hans Olav Tungesvik | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 118 |
ISBN: 9788247604007 | Vekt: 296 g |
Forlag: Hermon Forlag AS | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2012 | Veil. pris: 298 kr |
Kategori: Diverse |
For flere sakprosa-bøker trykk her