Guden for mareritt
Guden for mareritt. I 1941 forlét den 23 år gamle Helen Bynum heimen på landsbygda i delstaten New York for første gong. Ho har fått i oppdrag å hente heim tante Lulu, ei aldrande og fordrukken skodespelarinne i New Orleans. Ei ny verd opnar seg, eit liv fullt av lidenskap, eventyr, sex og kjærleik. Ho blir ein del av ein bohemsk, intellektuell vennegjeng i The French Quarter, og for første gong kjenner ho seg fri til å utforske kva som er mogleg i sitt eige liv. Andre verdskrigen og undertrykkinga av farga og homofile ligg som eit ubehageleg slør over forteljinga. I eit kapittel lagt seinare i tid, innser Helen at livet og omstenda var annleis enn ho kunne førestille seg. «Guden for mareritt» er ein roman frå New Orleans om vennskap, kjærleik, fordommar og svik.
Forfattere: Paula Fox | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 245 |
ISBN: 9788252197211 | Vekt: 373 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2018 | Veil. pris: 429 kr |
Kategori: Romaner |
For flere oversatte skjønnlitterære bøker trykk her