Forteljingar om drap: kriminalhistorier frå seinmellomalderen
Informasjon fra forlaget
Forteljingar om drap: kriminalhistorier frå seinmellomalderen. - Prestar som slår i hel. - Bønder som drep kvarandre i fylla. - Grådige munkar som utnyttar fattigfolk økonomisk. - Bryllaupsgjester som skjeller kvarandre ut og trekkjer kniven. Det minner om sensasjonsprega avisoverskrifter, men oppslaga refererer til hendingar som ligg langt bak oss i tid. Hendingane kjem likevel tett på oss i Olav Solbergs nye bok om drapssaker, Forteljingar om drap. Boka byggjer på drapsbrev frå seinmellomalderen (1300-1550). Den gong som nå vart drapssaker etterforska, og drapsbrev er utgreiingar om kva som gjekk føre seg ved drapet. Solberg har lese desse breva, og gjennom grundige og spennande analysar kjem han mellomaldermennesket tett inn på livet. Her er blod, sveitte og tårer, skrik og skrål, rop om hemn og bøn til Gud! Solberg meiner at vi ikkje bør oppfatte seinmellomalderen som eit litterært tomrom, slik det har vore gjort. Det fanst ei sterk og livskraftig munnleg dikting - eventyr, segner, balladar, ordtak. Solberg viser at språkuttrykk - formlar - frå denne diktinga er til stades i dei gamle drapsbreva. Den gode drapsbrevskrivaren gjorde bruk av desse formlane - han skreiv med den munnlege diktinga klingande i øyra. I drapsbrevet møtest derfor skrifttradisjon og munnleg dikting. Olav Solberg skriv engasjert og levande om eit uvanleg spennande emne. Forteljingar om drap er ei gullgruve for alle som har sans for gode kriminalhistorier, som er interesserte i litteratur, kultur, språk og historie. Olav Solberg (f. 1942) har vore tilsett i NRK - radio, har vore lektor ved Bergen lærarskole, og professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Olav Solberg er i dag professor ved Høgskolen i Telemark. Han har tidlegare publisert Den omsnudde verda. Ein studie i dei norske skjemteballadane (1993), Tekst møter tekst. Kristin Lavransdatter og mellomalderen (1997) og Norsk folkedikting. Litteraturhistoriske linjer og tematiske perspektiv (1999), forutan ei rad arbeid om litterære og kulturelle emne.
Detaljer om boken
Kategori: Religion, historie, litteraturvitenskap, filosofi
ISBN: 9788276749717
Forfatter: Olav Solberg
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Pocket
Utgitt år: 2003
Sideantall: 252
Utgave: 1 utg.
Vekt: 494 g
Veil. pris: 415 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.