Folket sa nei : norsk EU-motstand frå 1961 til i dag
Folket sa nei : norsk EU-motstand frå 1961 til i dag. I november 2014 er det tjue år sidan folkefleirtalet sa nei til medlemskap i EU. Det vil Nei til EU feire med ei illustrert jubileumsbok om EU-kampen. Boka følgjer den norske EU-debatten frå det første demonstrasjonstoget rundt Stortinget i mars 1962 og fram til folkerøystinga i november 1994. Her er alle milepælane og høgdepunkta med, båtstafetten, markeringa i Ullensvang, historia til alle fylkeslaga, markeringa i Tromsø, stjernemarsjen og sist men ikkje minst - gledestårene valnatta. Og som ein raud tråd gjennom framstillinga får forfattaren fram kva kampen eigentleg handla om. Kven sto mot kvarandre desse åra - og korleis blei EU-motstanden organisert? Kva sto debatten om og korleis blei det mobilisert dei siste vekene? Og sist men ikkje minst: Kvifor vann nei-sida til slutt? Boka er gjennomillustrert i fargar.
Forfattere: Dag Seierstad | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 320 |
ISBN: 9788252178128 | Vekt: 1200 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2014 | Veil. pris: 349 kr |
Kategori: Samfunn, historie |