Farvel, Rune
Farvel, Rune. Ein klassikar blant nyare norske biletbøker, ei bok som aldri blir uaktuell og alltid er etterspurd - men faktisk har vore utseld ei tid. Vesle Sara leikar ved dammen saman med jamaldringen Rune. Rune druknar, og hovudtemaet i boka er det Sara opplever kring dette, sorga hennar, spørsmåla ho stiller om døden, og korleis ho klarer å leve vidare. Boka er eit ypparleg utgangspunkt for samtale med barn om død og sorg. Sidan boka kom ut første gong i 1986 er ho blitt kjend og kjær i ei rekkje land, og har har fått prestisjetunge internasjonale prisar.
Forfattere: Marit Kaldhol | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 0 |
ISBN: 9788252126860 | Vekt: 350 g |
Forlag: Samlagsantikvariatet | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 1986 | Veil. pris: 399 kr |
Kategori: Billedbøker |
For flere skjønnlitterære barnebøker trykk her