Fanga på fjorden
Fanga på fjorden. Klodeklubben er tilbake. På båttur oppdagar Klodeklubben ulovleg fiske av hummar i ei vik. Kven tjuvfiskar hummar i sjøen? Og er det ikkje noko mystisk med den nye sjefen på Fiskeriet i bygda? Fanga på fjorden er tredje bok i Klodeklubben, ein spenningsserie for barn i alderen 6-9 år, skrive av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen. I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad, kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar. Dei to første bøkene i serien, Dei svarte svanene og Hytta som forsvann, kom ut våren 2020. Ruth Lillegraven (f. 1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar. Jens Kristensen (f. 1975) er ein anerkjent illustratør og bildekunstnar. Han er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. For illustrasjonane til Klodeklubben. Dei svarte svanene, vann han Kulturdepartementets prisar for beste barne- og ungdomslitteratur - Illustrasjonsprisen. Om Klodeklubben. Dei svarte svanene (2020): «I flommen av detektivbøker har Ruth Lillegraven laget en serie som skiller seg ut, blant annet fordi den handler om miljøkriminalitet.» Periskops julegåvetips 2020 Vinnar av Kulturdepartementets illustrasjonspris 2020: «Kristensen får elegant fram dei humoristiske, såre og alvorlege sidene. Framsida er med på å skape forventingar hos lesaren - og dei blir innfridde.» Juryen for Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur 2020
Forfattere: Ruth Lillegraven | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 80 |
ISBN: 9788234002656 | Vekt: 290 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2021 | Veil. pris: 249 kr |
Kategori: Diverse |