Engasjement og arrangement (Pocket)
Informasjon fra forlaget
Engasjement og arrangement: ei bok om konsertar og konsertarrangering. I møtet mellom musikk og publikum har konsertarrangøren ein viktig funksjon. Kvar dag sørgjer offentlege, private og frivillige arrangørar for at scener, utestader og kulturhus blir fylte med innhald. Denne boka er resultatet av eit forskingsprosjekt sett i gong av Kulturrådet, som skulle skaffe meir kunnskap om heilårsarrangørar og konsertverksemd i Noreg. Boka byggjer på intervju med arrangørar, surveyundersøkingar og økonomiske oversikter frå ei rekkje konsertar. Ho gjer greie for kven arrangørane er, historiene deira, dei kunstnariske ambisjonane og dei økonomiske vilkåra dei opererer under. Boka ser på omfanget av konsertar i Noreg, og undersøkjer publikum og dei ulike aktørane i konsertbransjen. Avslutningsvis peiker forfattarane på viktige utviklingstrekk på området og på endringar ein kan vente i åra som kjem. Bård Kleppe har ein doktorgrad i kulturstudiar frå Universitetet i Søraust-Noreg i internasjonal kulturpolitikk. Han jobbar i dag som seniorforskar ved Telemarksforsking der han sidan 2008 har gjennomført og leda ei rekkje forskingsprosjekt om kulturpolitikk, kunstnarens arbeidsvilkår, scenekunst, musikk og kunstformidling for barn og unge. Kleppe har også tidlegare arbeidserfaring som konsertarrangør. Ola K. Berge har ein doktorgrad i kulturstudiar frå Universitetet i Søraust-Noreg. Berge er seniorforskar innan kulturpolitikk med særleg interesse for kultursosiologi og internasjonal kulturpolitikk. Berge har omfattande erfaring frå ei rad ulike forskings- og utviklingsprosjekt på kulturfeltet, t.d. musikk, scenekunst, visuell kunst og film. Han har dessutan særleg interesse for og kompetanse innan folkekultur. Sigbjørn Hjelmbrekke er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo og er stipendiat i kulturøkonomi ved Universitetet i Søraust-Noreg. Temaet for avhandlinga er økonomi og endringsprosessar i musikkbransjen. Hjelmbrekke har erfaring frå diverse oppdragsforsking på kulturfeltet og kommunesektoren frå Telemarksforsking i perioden 2009 2012.
Detaljer om boken
Kategori: Diverse
ISBN: 9788245032802
Forfatter: Bård Kleppe, Ola K. Berge, Sigbjørn Hjelmbrekke
Språk: Norsk (nynorsk)
Format: Pocket
Utgitt år: 2019
Sideantall: 183
Utgave: 1 utg.
Vekt: 323 g
Veil. pris: 339 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.