Eit praktisk menneske

Eit praktisk menneske

Gyldendal Norsk Forlag AS

  • 300 kr

Kun 2 igjen

Eit praktisk menneske. Eit praktisk menneske er ein fortetta og konsis roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Liv Indrebø vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa. På museet strevar ho med å tru på orda ho er tilsett for å produsere. Draumen om kroppsarbeid og nytteverdi er sterkare i ho enn i kjærasten Svein, ein populær fysioterapeut som bur i byggefeltet i Avdalen sentrum. På jonsok kjem amerikanske slektningar av for lengst utvandra nordmenn på besøk, og folk samlar seg på bygdetunet. Bålet brenn. Men er Liv i ferd med å miste klarsynet i sitt inderlege forsøk på å klare seg sjølv? Eit praktisk menneske er ein fortetta og konsis roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Historia finst på trygg avstand, men kva med livet i praksis? Kan ei kvinne aleine klare å forvandle kaos til orden? Og korleis elske noko ein ikkje treng?

Forfattere: Kjersti Rorgemoen Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 86
ISBN: 9788205527690 Vekt: 209 g
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2020 Veil. pris: 349 kr
Kategori: Romaner
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out