Ein vestnorsk stat
Ein vestnorsk stat. Georg Hatlevik er ein av ungkarane i komedien «Ungkarsfesten» som har hatt stor suksess. «Ein Vestnorsk Stat», illustrert av vossingen Ivar Kvåle, skildrar Georg og naboane på Hatlevikneset i deira liv og levnet. Georg har dei fleste mot seg, men han ordnar godt opp. I bakhand har han Jens Rinde, ein hobbyjurist med Tor Erling Staff som førebilete. Ein Vestnorsk Stat . med Kjell Opseth som president og god heimebrent som nasjonaldrikk . er ein kongstanke som både Georg og Jens går inn for med stor svir. I mellomtida lever dei livet på Hatlevikneset . ein ministat med intrigar nok for ein langt større republikk.
Forfattere: Norvald Tveit | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 172 |
ISBN: 9788279590392 | Vekt: 466 g |
Forlag: Skald AS | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2003 | Veil. pris: 199 kr |
Kategori: Noveller |