Ein tingas lydhøyre mann
Ein tingas lydhøyre mann. Arvid Torgeir Lie (1938-2020) er blant dei fremste norske lyrikarane i etterkrigstida - original, nyskapande, overraskande og høgt verdsett av forfattarkollegaer. Med bakgrunn i gruvesamfunnet Åmdals verk i Tokke kommune skreiv han dikt inspirert av haiku-tradisjonen, arbeidardikt, landskapsdikt og også meir sivilisasjonskritiske dikt om medieutviklinga. Tekstane speglar seg i oppvekstmiljøet, med ei sterk fellesskapskjensle, men han går også i dialog med tradisjonen og søkjer mot eit genuint uformelt, munnleg og avvæpnande poetisk uttrykk. I denne boka trekkjer Sveinung Nordstoga nokre linjer gjennom heile forfattarskapen, som i tillegg til elleve diktsamlingar også inneheld gjendiktningar, ei novellesamling og eit upublisert skodespel.
Forfattere: Sveinung Nordstoga | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 225 |
ISBN: 9788230403372 | Vekt: 280 g |
Forlag: Spartacus Forlag | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2023 | Veil. pris: 399 kr |
Kategori: Diverse |