
Ein stad å møtast (Innbundet)
Ein stad å møtast. Ein mann vurderer om han skal hoppe på toget som tar han bort frå alt. Ei flyvertinne klar til å trekkje i sivil får brått ansvaret for to born som reiser åleine. Ein forfattar med adresse i Paris kjem attende til heimbygda for første gong på tjue år. Ei åleinemor nappar ut hår frå leggane før vekas høgdepunkt; time hjå den kjekke fysioterapeuten. Alle samanliknar seg med kvarandre, alle lengtar mot noko anna, etter ein stad å møtast.
Vi møter dei i Inndalsvik, eit lite stykke Noreg, på klassefest, i utdrikkingslag, i bryllaup og i kvardagen, som bi- og hovudpersonar i kvarandre sine historiar. Med humor og stor varme skildrar Reidun Elise Foldøy menneske som vegrar seg mot å forplikte seg, eller som har etablert seg og ikkje lenger kan velje. "Det handler om brutte løfter, skuffelser, såre barndomsminner. Men Foldøy har et særdeles godt novellistisk grep. Effektivitet kombinert med luftighet, overraskende brudd, en viss komikk og elegante overganger."
Cathrine Krøger, Dagbladet
Forfattere: Reidun Elise Foldøy | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 111 |
ISBN: 9788203194344 | Vekt: 216 g |
Forlag: Aschehoug & Co | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2008 | Veil. pris: 349 kr |
Kategori: Noveller |
For flere skjønnlitterære bøker trykk her