Drikkeviser frå Paris (Pocket)
Informasjon fra forlaget
Drikkeviser frå Paris. "grisungen og eg i firsprang frå parkvesenet vi gøymer oss i syrinbuskar, søppelposar vi er erteris og går i eitt med buskaset vi stel klisne pastisflasker frå under benkane ingen ser oss pile forbi der nede langs bakken" I eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga "Drikkeviser frå Paris" er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkriminelle Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet. Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst. Ei utvisking av grenser gir dikta ei særeigen, rykkande kraft - dei utfordrar grensene mellom å føle og ikkje føle forplikting, mellom lavstil og høgstil, dyr og folk, fantasi og verkelegheit, tekst og intertekst, kropp og by, bygde-Noreg og Paris. "Drikkeviser frå Paris" er ei svimmel og frodig diktsamling om stole gull og glovarmt begjær, om lausriving og uro, om å gi slepp, dikte seg ut, rulle seg i søla.
Detaljer om boken
Kategori: Lyrikk
ISBN: 9788249516520
Forfatter: Anna Kleiva
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Pocket
Utgitt år: 2016
Sideantall: 73
Utgave: 1 utg.
Vekt: 250 g
Veil. pris: 279 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.