Dødsleia og livsnerven 9788234002908 Gunnar Grytås Brukte bøker

Dødsleia og livsnerven

Det Norske Samlaget

  • 210 kr

Kun 1 igjen

Dødsleia og livsnerven. Skipsleia langs kysten blir rekna for å vera ein trygg måte å ferdast på, stort sett innanskjers og godt skjerma. Under andre verdskrigen endra det seg dramatisk. «Riksveg 1» og livsnerven mellom kystsamfunna vart til ei «dødslei» med i gjennomsnitt eit krigsforlis i veka. Her ofra 1300 norske sjøfolk, passasjerar og fiskarar livet. Dei vart offer i ein brutal sjøkrig. I dødsklemma mellom vener og fiendar var det ikkje til å unngå at dei fleste mista livet i allierte angrep. Likevel gjorde heimeflåten vår ein enorm innsats for å få folk trygt fram og for å sikre livsviktige forsyningar til heile kysten. Fordi dette måtte skje i eit samarbeid med tyskarane, vart heimeseglarane, heilt ufortent, gløymde heltar i etterkrigshistoria. Dei som reiste med båtane under krigen, var eit tverrsnitt av kystfolket. Menn og kvinner, gjerne saman med barn, men også tyske soldatar og gestapoagentar. Side ved side møtte dei døden, saman kjempa dei for livet. Særmerkt, nytt og oppsiktsvekkande i denne historia er forteljinga om den store sivile innsatsen for å redde menneske frå å døy på havet. Dette er ei skakande forteljing om store menneskelege tap, men også om heltemodig innsats frå heilt vanlege folk langs kysten.

Forfattere: Gunnar Grytås Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 219
ISBN: 9788234002908 Vekt: 470 g
Forlag: Det Norske Samlaget Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2020 Veil. pris: 429 kr
Kategori: Samfunn, historie

For flere sakprosa-bøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out