
Dikt i utval
Dikt i utval. Jan-Magnus Bruheim (1914 - 1988) frå Skjåk i Gudbrandsdalen debuterte i 1941 med diktsamlinga "Stengd dør". Han gav ut 45 bøker, mest lyrikk og barnebøker, men også prosabøker. Dette utvalet inneheld dikt frå Les mer... alle lyrikksamlingane, i tillegg til eit utval av barnedikta. Boka har også fleire artiklar og mange flotte bilete.
BREVET
Eg sit i kveld og skriv til deg
og kjenner orda spire.
Men enno står det berre eitt
og lyser på papiret.
Eit "
"kjære"
" berre, står det her.
Eg må vel finne fleire?
Men vide flakkar tankane,
som fuglar kringom reiret.
Det er så mangt eg skulle sagt -
Fortenkt eg sit ved bordet
og tenkjer: kanskje er det nok
med dette eine ordet.
Eg ynskjer deg - kvarhelst du bur
langt burte eller nære,
at du kan kjenne varmen frå
det vesle ordet: Kjære
Forfattere: Jan-Magnus Bruheim | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 312 |
ISBN: 9788299954303 | Vekt: 950 g |
Forlag: Vennelaget Jan-Magnus Bruheim | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2014 | Veil. pris: 350 kr |
Kategori: Lyrikk |
For flere skjønnlitterære bøker trykk her