Det saltlause saltet 9788205266889 Johannes Heggland Brukte bøker

Det saltlause saltet

Gyldendal Norsk Forlag AS

  • 149 kr

Kun 1 igjen

Det saltlause saltet. Det saltlause saltet er eit framhald av romanen Sjå kor dei elskar kvarandre (1997), konsentrert kring familien Nattvatn på garden mellom Bygd og Sokn. Sikfus, emissæren som innrømde å ha bore seg usedelig åt på ferdene sine, er no død. Han etterlet seg to ting som vert dei ytre drivkreftene i romanen: eit manuskript om livet sitt og røynslene sine, og eit surr av folkesnakk om at den ulukka som tok livet hans, kanskje ikkje var ei ulukke likevel. Det saltlause saltet er òg ein roman som skildrar korleis eit heller konservativt bygdesamfunn møter moderniteten, eller kanskje helst seinmoderniteten: industrialisering, oppløysing av tradisjonelle norm- og familiestrukturar, og mediefokuseringa på intime sider ved privatlivet. Hegglands styrke ligg i skildringa av menneska og tilhøvet mellom dei, og som i dei tidlegare bøkene hans er det her òg eit stort og fargerikt persongalleri.

Forfattere: Johannes Heggland Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 258
ISBN: 9788205266889 Vekt: 382 g
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag AS Innbinding: Innbundet
Utgitt: 1999 Veil. pris: 286 kr
Kategori: Romaner

For flere skjønnlitterære bøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out