Den sumaren eg fylte diesel
Den sumaren eg fylte diesel. I uminnelege tider har heimelaga lyrikk vore viktig for folk i primærnæringane. Det kunne vera mektig natur, uår eller tronge kår som gjorde at folk fann trøyst og meining i lyrikken. No for tida er alt mykje betre. Eg har hatt det fint heilt sidan eg vart fødd. Og det skal eg sanneleg seia deg at dikta mine ber preg av. I denne boka finn du ekte heimelaga lyrikk for slike som oss som ikkje har stira inn i store svarte hol eller møtt Lucifer på ein myrk sti på veg heim frå fotballtrening. Det står trivelege og artige ting i desse dikta. Og du vil finna trivelege og artige saker mellom linjene òg. Eg kan røpa at eg ikkje trong finna opp krutet for å skriva dei. Men eg er godt nøgd med heilskapen i dette lyriske eposet som Det Norske Samlaget sel altfor billeg. God helg! Arne Hjeltnes
Forfattere: Arne Hjeltnes | Utgave: 2 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 0 |
ISBN: 9788252153651 | Vekt: 59 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2000 | Veil. pris: 100 kr |
Kategori: Kultur, religion, kunst |
For flere sakprosa-bøker trykk her