Dei ukuelege språka: språkpolitikk og språksituasjonar

Dei ukuelege språka: språkpolitikk og språksituasjonar

Fagbokforlaget

  • 240 kr

Kun 1 igjen

Dei ukuelege språka: språkpolitikk og språksituasjonar. I globaliseringas tidsalder skjer det ei oppbløming av regional- og minoritetsspråk. Språket blir sett på ikkje berre som eit kommunikasjonsmiddel, men like mykje som identitetsskapar og beint fram som ein menneskerett. Gjennom ulike språk kjem det til syne forskjellige syn på verda som det kan vera nyttig å få innblikk i. Med utgangspunkt i fleire språksamfunn i alle verdsdelar diskuterer forfattarane mellom anna problem som oppstår når ein skal velja skriftnorm. Skal ein gå inn for ein variant med høg sosial prestisje slik katalanarane har gjort det i Spania eller skal ein ha toleranse for dialektmangfaldet, slik ein har valt for nynorsken sin del? Boka er ikkje minst verdifull fordi ho set den norske språksituasjonen inn i den globale språkmosaikken som dei to forfattarane presenterer for oss. Johannes Nymark (fødd 1949) er førsteamanuensis i spansk ved Noregs Handelshøgskole (NHH). Mellom spesialområda hans er sosiolingvistikk. Nymark har skrive fleire bøker og ei stor mengd artiklar om alt frå fotball og samfunn til språk og ulike emne om Spania og Latin-Amerika. Rolf Theil (fødd 1946) er professor i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Mellom spesialområda hans er lingvistisk feltarbeid og sosiolingvistikk. Theil har gjennom snart førti år skrive bøker og artiklar om språk og språktilhøve i Afrika, Asia og Europa. «Boka er eit kjærkomme bidrag i faglitteraturen om språk idet ho ser på aktuelle språksituasjonar og språkpolitiske tema i eit globalt perspektiv. (...) Etter mitt syn kan alle som er nysgjerrige på verda vi lever i, og språka som finst, ha glede av å lese boka.» - Berit Grønn i Communicare

Forfattere: Johannes Nymark, Rolf Theil Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 303
ISBN: 9788245011463 Vekt: 714 g
Forlag: Fagbokforlaget Innbinding: Heftet
Utgitt: 2011 Veil. pris: 429 kr
Kategori: Bøker
Salg

Unavailable

Sold Out