Bukk & Sigd 9788234010491 Martin Ingebrigtsen Brukte bøker

Bukk & Sigd

Det Norske Samlaget

  • 180 kr

Kun 1 igjen

Bukk & Sigd. Bukk & Sigd er ei bok om alt poesien kan vere. Ein poet sit på heimekontoret, omgitt av flytteesker med bøker. Gjennom loftsvindauget har han utsikt over heile Trondheim. Frå dette utkikkspunktet snakkar han med døde barndomsvenner, familiemedlemmer og kunstnarar, i ein samtale som vandrar frå superheltteikneseriar, filmteori og uskuldige piggsvin til oppvekst, tid og økonomi. Heile tida vaker spørsmåla i randsona: Kvifor er eg poet? Kvifor lever eg nett dette livet? Svaret finst kanskje i forteljingane om eit syskenpar, Bukk & Sigd, som ikkje får vere saman. Bukk & Sigd er eit resultat av Martin Ingebrigtsens arbeid som poet og gjendiktar og virket hans som skrivelærar gjennom fleire år. Det er ei bok som vil inspirere og engasjere alle som elskar litteratur med sine rike perspektiv og store spenn.

Forfattere: Martin Ingebrigtsen Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 149
ISBN: 9788234010491 Vekt: 468 g
Forlag: Det Norske Samlaget Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2023 Veil. pris: 349 kr
Kategori: Lyrikk

For flere skjønnlitterære bøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out