Brevet frå krigen

Brevet frå krigen

Samlaget

  • 170 kr

Kommer på lager etter

Brevet frå krigen. Ei dramatisk skildring av korleis det er å vekse opp i krig. Jorun Emilie Holm var 12 år den 9. april 1940, den dagen tyskarane invaderte Noreg.

Frå Lindøya utanfor Oslo såg ho tyske bombefly fly lågt over hustaket, på veg for å invadere Oslo. Brevet frå krigen er ei sterk og unik skildring av korleis det er å vere barn medan den andre verdskrigen går føre seg utanfor kjøkenvindauget. Gjennom dagleglivet til Jorun får vi lære om viktige hendingar i Noreg under krigen. Ho blei vekt av SS-soldatar på jakt etter Max Manus, såg skipet som frakta norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar, og hadde skulevegen sin like ved Victoria Terrasse, der Gestapo heldt til. Boka er basert på samtalar, brev og dagbøker, og er rikt illustrert med unikt biletmateriale.

Det har no gått over 70 år sidan Noreg opplevde krig og okkupasjon på eiga jord. Brevet frå krigen lèt nye generasjonar bli kjende med denne dramatiske og avgjerande tida i norsk historie.

Forfattere: Ingunn Røyset Utgave: ukjent
Språk: Norsk (nynorsk) Sidetall: 204
ISBN: 9788252189537 Vekt: 726 g
Forlag: Samlaget Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2017 Veil. pris: 0 kr
Kategori: Bøker
Salg

Unavailable

Sold Out