Bokstavsommaren
Bokstavsommaren. Fargerik bokstavleik for barnehagebarn! «Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å halde auge med broren. Som lønn skal ho få ein skatt kvar dag. Skatten skal komme frå havet og begynne på ein ny bokstav kvar gong.» I Bokstavsommaren hentar Styrk bokstavskattar opp frå havet til veslesøster Zara, og gjennom fisking og snorkling blir Styrk og Zara og lesaren kjende med alle bokstavane i alfabetet. Det finst ein tekst for kvar bokstav, og boka er ein liten skatt for dei som skal bli kjende med alfabetet vårt. Boka er blitt til i samarbeid med Nynorsksenteret og Lesesenteret, og alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.
Forfattere: Erna Osland | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 61 |
ISBN: 9788252195033 | Vekt: 533 g |
Forlag: Det Norske Samlaget | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2017 | Veil. pris: 329 kr |
Kategori: Billedbøker |