Bli mor no?
Bli mor no?. Eit forsøk på å finne ut kva det vil seie å vere mor. Kristina Leganger Iversen er 28 år, bur i ei toroms leilegheit og har ei mellombels stilling ved universitetet. No lurer ho på om ho har lyst på barn. Men å bli mor er ei livsomveltande endring ho ikkje aner konsekvensane av - for kven blir ein om ein blir mor? Politikarar og forskarar roper med jamne mellomrom varsku over låge fødselstal, barnlause menn og gamle førstegongsmødrer. Alderen på førstegongsfødande i Noreg aukar, og stadig fleire kvinner og menn har ikkje fått barn ved fylte førtifem. I «Bli mor no?» skriv Kristina Leganger Iversen personleg og politisk om valet ho står i. Ho undersøker kva morskapet tyder - historisk, økonomisk, i litteraturen og i hennar eige liv. Det handlar om å tenkje, tvile og så kanskje tørre å kaste seg ut i det.
Forfattere: Kristina Leganger Iversen | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 253 |
ISBN: 9788252198690 | Vekt: 377 g |
Forlag: Samlagsantikvariatet | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2019 | Veil. pris: 429 kr |
Kategori: Samfunn, historie |