"Bil, fira vaksne og sju ungar"
"Bil, fira vaksne og sju ungar". "Alle hugsar kampen for å nå siste ferja for kvelden etter å ha vore på eit møte som trakk ut på grunn av ein pratesjuk kasserar som ikkje fekk tala til å stemma. Eller om du hadde besøkt kjærasten på andre sida av fjorden. Av og til rakk du ikkje siste ferja, og ei lang natt på ferjekaien i ein kald bil der regnet plaska uavbrote på taket heile natta vart resultatet. Kanskje var du så heldig å få liggja om bord på ein benk om du og ferja var på "retta sio", og kanskje fekk du låna eit pledd med BNT-logo på.." Dei fleste ruteselskapa i Norge levde eit trygt og verna liv fram til 1980-talet. Det var ikkje store omveltingar verken på eigarsida eller i drifta, men så skjedde ting i rekordfart. Denne boka fortel historia til AS Ferjetrafikk, Johs. Ådland, Karl Håland, INDL, BNT og BNR, HSD Sjø/Tide, Fjord Line, Wergeland-Halsvik og Osterøy Fergeselskap - alle selskap som dreiv eller framleis driv ferjer i Nordhordland.
Forfattere: Viggo Nonås | Utgave: 1 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 240 |
ISBN: 9788281630239 | Vekt: 726 g |
Forlag: Fusa Dampskibsexpedition | Innbinding: Innbundet |
Utgitt: 2008 | Veil. pris: 349 kr |
Kategori: Samfunn, historie |
For flere sakprosa-bøker trykk her