Barnelitteratur: sjangrar og teksttypar
Barnelitteratur: sjangrar og teksttypar. Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar rettar seg primært mot barnelitteraturstudiet i førskule- og allmennlærarutdanninga. Boka kombinerer litteraturteori med didaktiske og formidlingsmessige perspektiv, ut frå ei vurdering av målgruppa sine faglege behov. Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar gir ei samla og brei framstilling av det barnelitterære feltet. Barneboka blir plassert i forhold til kulturhistoria og til skiftande tider sine haldningar til barndommen. Bildebøker, lyrikk, episke tekstar og fagbøker blir handsama i eigne kapittel. Det same gjeld forteljingane frå den munnlege kulturen; eventyr, mytar, legender, segner og fablar. Kapittel om teiknefilm og masseproduserte barnebøker gir boka eit vidare barnekulturelt medieperspektiv. Boka inneheld òg ein bolk med synspunkt på litteraturformidling i barnehage og skule. Eit rikt utval teksteksempel illustrerer litteraturteoretiske problemstillingar.
Forfattere: Tone Birkeland, Gunvor Risa, Ingeborg Mjør | Utgave: 2 utg. |
Språk: Norsk (Nynorsk) | Sidetall: 263 |
ISBN: 9788202258566 | Vekt: 440 g |
Forlag: Cappelen Damm AS | Innbinding: Heftet |
Utgitt: 2006 | Veil. pris: 398 kr |
Kategori: Språk og estetiske fag |