Barnelitteratur: sjangrar og teksttypar

Barnelitteratur

Cappelen Damm

  • 210 kr
  • Spar 209 kr

Kun 3 igjen

Barnelitteratur: sjangrar og teksttypar. Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar gir ei samla og brei framstilling av det barnelitterære feltet. Barneboka blir plassert litteratur- og mediehistorisk og sett i forhold til skiftande tider sine haldningar til barndommen. Eventyr, prosaforteljingar, bildebøker, lyrikk, fagbøker og populærlitteratur blir handsama i eigne kapittel. Boka inneheld òg kapittel om vurdering og formidling av barnelitteratur. Eit rikt utval teksteksempel illustrerer litteraturteoretiske problemstillingar. Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar er ei viktig bok for studentar i førskolelærar- og grunnskolelærarutdanninga, og for andre som søker kunnskap om barnelitteratur. Boka kombinerer litteraturteori og sjangerkunnskap med didaktiske og formidlingsmessige perspektiv. I denne reviderte utgåva er alle kapitla oppdatert, og fleire kapittel er omarbeidd eller erstatta med nye kapittel. Til dømes har boka fått eit heilt nytt kapittel om bildebøker for dei aller yngste barna. Dei to siste kapitla om barnelitterær kritikk, vurdering og debatt, og om å lese litteratur i barnehage og skole, er også nyskrive.

Forfattere: Tone Birkeland, Ingeborg Mjør Utgave: 3 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 196
ISBN: 9788202348700 Vekt: 388 g
Forlag: Cappelen Damm Innbinding: Heftet
Utgitt: 2012 Veil. pris: 419 kr
Salg

Unavailable

Sold Out