Året rundt med Caravaggio

Året rundt med Caravaggio

Kolofon Forlag AS

  • 180 kr

Kommer på lager etter

Året rundt med Caravaggio. Målaren Michelangelo Merisi, betre kjend som Caravaggio, blei fødd 29.september 1571. Denne datoen er merkedagen, i den katolske kyrkja, for erkeengelen Mikael. Den katolske læra har elles ein rad merkedagar gjennom året. Måleria til Caravaggio er i stor grad via heilage personar, som hos katolikkane blir markert på særskilde datoar. På denne tida var den katolske kyrkja einerådande i Italia, og motiva blei tinga anten som alterbilete i kyrkjer eller av privatpersonar som var ute etter eit særskilt religiøst motiv. Caravaggio var samstundes ein målar forut for si tid. Modellane hans var mannen og kvinna i Romas gater. Dei blei vist som dei var, og han ga dei ein plass i kunsten, der det før i hovudsak var personar av høg rang. Motiva var ofte religiøse, mens medan tidlegare kunst hadde framstillt dei heilage personane som kongar og dronningar, viste Caravaggio dei som barn av folket. Dette aspektet blei forsterka ved at han var ein meister i å vise ulike kjensleuttrykk, noko som gjorde det enda enklare for kyrkjelyden å identifisere seg med personane på alterbiletet dei var i forbønn hos. Her kom til syne både sorg, undring og avsky. Den sterke fokuseringa hans på kjensler, og sanselege opplevingar av det heilage, blei forsterka av chiaroscuroen, eller lys-skugge-effekten, noko som har blitt hans fremste varemerke. Han melder barokken sitt kome.

Forfattere: Jon Ovrum Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 210
ISBN: 9788230021491 Vekt: 624 g
Forlag: Kolofon Forlag AS Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2021 Veil. pris: 290 kr
Kategori: Diverse
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out