Alle tiders fjordamat 9788291722290 Åse Kongsvik Kari Støfringsdal Brukte bøker

Alle tiders fjordamat

Selja Forlag AS

  • 149 kr

Kommer på lager etter

Alle tiders fjordamat. Lurer du på kva du skal servere i konfirmasjonen eller bryllaupet? Eller vil du gjerne bake julekakene på tradisjonelt vis? I denne boka finn du eit vell av stoff og oppskrifter om maten og matskikkane i Sogn og Fjordane, ordna etter årets gang. Boka følgjer året frå faste til jul, med høgtider og merkedagar i tur og orden. ALLE TIDERS FJORDAMAT er oppfølgjaren av suksessboka .FJORDAMAT.. Denne gongen legg vi meir vekt på maten dei siste femti åra, og presenterer menyar både til dagar som feitetysdag og 17. mai, påske og jul, dåp, konfirmasjon og bryllaup. Boka inneheld 434 oppskrifter og over 250 foto frå heile fylket. FJORDAMAT og ALLE TIDERS FJORDAMAT er til saman eit praktverk på over 500 sider med 757 oppskrifter, ordna i eit felles register. Bøkene bør vere både til glede og nytte, ikkje berre for dei med tilknyting til Sogn og Fjordane, men for alle med interesse for norsk matkultur. KARI STØFRINGSDAL (f. 1947) er bondekone i Jølster og styremedlem i Norges Bygdekvinnelag og tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna faglærar i husstell og har gjennom ei årrekkje halde kurs i matlaging. ÅSE KONGSVIK (f. 1962) driv Henjatunet gardskjøken i Leikanger, der ho for det meste brukar lokale og/eller økologiske råvarer.

Forfattere: Åse Kongsvik, Kari Støfringsdal Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 287
ISBN: 9788291722290 Vekt: 811 g
Forlag: Selja Forlag AS Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2002 Veil. pris: 0 kr
Kategori: Mat og drikke

For flere sakprosa-bøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out