Å ta vare på heile mennesket 9788252195088 Tove Giske Pamela H. Cone Brukte bøker

Å ta vare på heile mennesket

Det Norske Samlaget

  • 170 kr

Kun 1 igjen

Å ta vare på heile mennesket. I viktige livshendingar og i kriser, som i fødsel og i møte med sjukdom, funksjonshemming eller død, vil menneske ofte oppleve seg sjølv og livet sitt på ein ny måte. Livsspørsmål som «kvifor skjer dette meg?», «korleis vil livet mitt bli?», og «kven er glad i meg når eg ikkje lenger er den eg var?» kan då tre fram. Det er dette som er tema for denne boka: korleis ein som fagpersonar, uavhengig av livssyn, kan støtte opp om den måten pasientar arbeider med livsspørsmåla sine på. Det handlar om eksistensielle utfordringar som spørsmål om identitet og meining, men også om tru og livssyn - det ein med eit paraplyomgrep kan kalle åndeleg omsorg. Åndeleg omsorg er i dag ein integrert del av sjukepleia sitt ansvarsområde, men forsking viser at helsepersonell ofte opplever dette som svært utfordrande. I boka viser forfattarane korleis ein kan førebu seg og bli tryggare i møte med pasientar i slike kritiske situasjonar; korleis ein kan øve seg opp til å sjå kva som står på spel i pasienten sitt liv, og korleis ein på ein profesjonell og respektfull måte kan støtte opp om pasienten si handtering av situasjonen.

Forfattere: Tove Giske, Pamela H. Cone Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 131
ISBN: 9788252195088 Vekt: 216 g
Forlag: Det Norske Samlaget Innbinding: Heftet
Utgitt: 2019 Veil. pris: 319 kr
Kategori: Helse og sosialfag

For flere fagbøker og lærebøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out