Oppdateringar frå lykkelandet (Pocket)
Informasjon fra forlaget
Oppdateringar frå lykkelandet. Kva skjer i den nyaste litteraturen? Har du høyrt rykte om at den nyaste skjønnlitteraturen er humørlaus og sjølvoppteken? Det stemmer slett ikkje, skal vi tru Marta Norheim, ein av Noregs mest kjende kritikarar. I boka Oppdateringar frå lykkelandet guidar ho deg inn i det nye litterære landskapet. Materialet er utvalde bøker frå norsk skjønnlitterær prosa, romanar, noveller og korttekstar. Bøkene er i all hovudsak skrivne av forfattarar som har debutert etter 2005. Kva skriv dei nye forfattarane om, og korleis? For ti år sidan kom den første Røff guide til samtidslitteraturen. Marta Norheim har granska kva som har skjedd sidan den gong. Ti år er ikkje lenge, men overraskande nok fann Norheim ut at bøkene har andre tematikkar i dag. I dag blir det skrive om miljø og klima som aldri før, barndommen står svakare, men dei gamle er solid representerte, og den mannlege outsideren har fått selskap av den kvinnelege outsideren, noko som neppe er til trøyst for verken menn eller kvinner. Den nye litteraturen handlar om alt, med nokre interessante unntak, meiner Norheim. Boka er for alle som ønskjer å vite meir om samtidslitteraturen, lystlesarar så vel som fagfolk.
Detaljer om boken
Kategori: Kultur, religion, kunst
ISBN: 9788252194197
Forfatter: Marta Norheim
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Pocket
Utgitt år: 2017
Sideantall: 395
Utgave: 1 utg.
Vekt: 440 g
Veil. pris: 429 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.