Fiskehuset : roman (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Fiskehuset : roman. «- Ska du bi ein god fiskar, må du tenkji som ein fisk. Onkel Ivar ser rett på meg. Sjølv om panna er drivvåt, ligg den amerikanske sideskilen perfekt. Me står på vollen ved båthuset. Vatnet Storsenn breier seg mot vest. Det er større enn eg hugsar. Ivar myser i lynklart haustvêr. Han har høge gummisko, feltjakke, strikkavottar og bremluve med øyrelappar. Det er berre fire kilometer frå parkeringa, men for Ivar vart det fire mil. Framoverbøygd og tungpusta kjempa han seg hit. Tyngdekrafta og hardt ramma ryggvirvlar pressa han mot bakken. To gonger ramla han. Fyrst trakka han feil og datt sidelengs. Sekken og han låg samanfletta med ungskogen. Han freste som ein hoggorm då eg fekk han laus. Like etter datt han bakover i stigen. Han kila fast baken mellom to steinar. Då eg sprang til for å hjelpe, slo han etter meg med staven. Han kom seg laus for eigen maskin, ved å vogge att og fram. Etterpå halta han på høgrefoten. Eg tenkte at onkel ikkje lenger er mannen for haustfiske i kalde fjellvatn.» Onkel Ivar Helgesson Aal har peika ut brorson Jon Aslesson Aal til å ta over fiskevatnet Storsenn. Romanen "Fiskehuset" handlar om ei veke haustfiske, kunstens indre vesen, naturen som dundrar fram, kjærleiken, sanningsord og Den Store Endringa i livet til Jon Aslesson Aal.
Detaljer om boken
Kategori: Romaner
ISBN: 9788249524075
Forfatter: Stein Torleif Bjella
Språk: Norsk (nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2021
Sideantall: 136
Utgave: 1 utg.
Vekt: 286 g
Veil. pris: 379 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.