Den andre verdskrigen i norsk etterkrigsminne
Informasjon fra forlaget
Den andre verdskrigen i norsk etterkrigsminne. Den andre verdskrigen er ikkje ferdig fortid, men eit høgst levande tema i samtidskulturen. Krigen er godt eigna som grunnlag for å diskutere allmenne verdispørsmål og moralske dilemma, men kva som har vorte sett som viktig å fortelje og diskutere om krigen, forandrar seg etter som nye spørsmål blir aktuelle. Ettertida brukar kort sagt krigen for å forstå og påverke eiga samtid betre. Denne boka dreg opp hovudlinjene i korleis den andre verdskrigen har vorte hugsa, forstått og framstilt i norsk etterkrigstid. Hovudperspektivet er korleis minnet om krigen har vorte teke vare på og utvikla seg i norsk offentlegheit. Den faghistoriske litteraturen og debatten går inn i dette biletet, men er berre ein del av det. Somme tema og perspektiv, framfor alt motstandskampen og kven som var vener og fiendar, har vore godt synlege heile tida. Andre, som lenge låg i skuggen, vart langt seinare ein viktig del av debatten. Lagnaden til dei norske jødane er eitt slikt tema. Kan ein tale om heilt nye perspektiv på krigen, eller er det berre den etablerte heimefrontforteljinga som har vorte utvida og nyansert? Ola Svein Stugu (f. 1947) er professor emeritus ved Institutt for historiske studium ved NTNU. Han har særleg arbeidd med by- og regionhistorie og historiedidaktikk og har mellom anna skrive "Kunnskapsbyen. Trondheims historie" (1997), "Historie i bruk" (2008) og "Norsk historie etter 1905" (2018).
Detaljer om boken
Kategori: Religion, historie, litteraturvitenskap, filosofi
ISBN: 9788252194807
Forfatter: Ola Svein Stugu
Språk: Norsk (nynorsk)
Format: Pocket
Utgitt år: 2021
Sideantall: 194
Utgave: 1 utg.
Vekt: 275 g
Veil. pris: 299 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.