Språk i skolen
Informasjon fra forlaget
Språk i skolen. Veit du at grammar og glamour har eit felles opphav? Eller veit du noko om grunnlaget for ordklassedelinga vår, dei fem fasane i retorikken, eller dei ulike argumenta for at elevane bør læra seg grammatikk? Ein grunnskulelærar i norsk skal, ifølgje rammeplanane for lærarutdanningane, «ha brei kunnskap om språket som system og språket i bruk». Læraren har dessutan eit særskilt ansvar for elevane sine språklege kunnskapar og ferdigheiter. Språk i skolen introduserer grunnleggjande språklege emne for grunnskulelærarstudenten og norsklæraren: grammatikk, tekstlingvistikk og retorikk. Fagstoffet vert formidla med kunnskap, entusiasme og underhaldande døme. Her er fagkunnskapen brei, vinklinga didaktisk og banda til Kunnskapsløftet tydelege. Denne andreutgåva av Språk i skolen er revidert og oppdatert, mellom anna med eit nyskrive kapittel om skrift og tale. Nytt er også ein bolk med oppgåver og løysingsforslag. Boka har kapittel på både nynorsk og bokmål, og gjer slik studentane kjende med fagspråk på begge målformer. Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen. Ho arbeider med språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv, og har mellom anna skrive om norrøn omsett litteratur, nynorskdidaktikk, sjangrar og forteljarstemmer. Rolf Theil (fødd 1946) er professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Mellom spesialområda hans er lingvistisk feltarbeid, kognitiv grammatikk og sosiolingvistikk. Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er professor i norsk ved Universitetet i Sørøst-Norge. Han underviser i norsk språk og forskar på eldre språk og litteratur og norskdidaktikk. Ingebjørg Tonne (fødd 1966) er professor i nordisk språk/norsk som andrespråk ved Universitetet i Oslo. Ho er mellom anna oppteken av kontrastiv grammatikk og relevansen av grammatikk for lese- og skriveopplæring og språkutvikling.
Detaljer om boken
Kategori: Språk og estetiske fag
ISBN: 9788245024036
Forfatter: Ingvil Brügger Budal, Rolf Theil, Bernt Ø. Thorvaldsen, Ingebjørg Tonne
Språk: Norsk (Bokmål)
Format: Pocket
Utgitt år: 2018
Sideantall: 350
Utgave: 2 utg.
Vekt: 859 g
Veil. pris: 439 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.