Kvitleik (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Kvitleik. I den mørke skogen. Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar å snø, det blir mørkt og kaldt. I staden for å gå etter hjelp går mannen innover på ein sti i skogen. Han gjer det sjølv om det allereie har vorte så mørkt at han knapt ser noko mellom trea, og sjølv om han tenkjer det er toskeskap å gjera slikt. «Særleg verre enn dette hadde eg vel aldri oppført meg, fyrst køyre bilen min fast og så gå inn i skogen for å finne hjelp, korleis kunne eg vel koma på tanken at det var hjelp å finne i skogen, i svarte skogen inne, for ein tanke, nei det vart aldeles feil å kalle det for ein tanke, det var meir eit påhitt, noko slikt, eitkvart eg berre hadde kome på. Tullete, var det. Reine toskeskapen. Dumskap. Rein og skir dumskap.» «Kvitleik» er ei lysande forteljing om grensa mellom liv og død. «Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.» Frå grunngjevinga til Svenska Akademien. «Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.» Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien.
Detaljer om boken
Kategori: Romaner
ISBN: 9788234009815
Forfatter: Jon Fosse
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2023
Sideantall: 71
Utgave: 1 utg.
Vekt: 171 g
Veil. pris: 349 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.