Fante-Nils og forteljingane Treskilling, Hjelpelaus (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Fante-Nils og forteljingane Treskilling, Hjelpelaus. "Då kasta eg meg ned, gret og tuta og tuta og gret. Dei trudde eg var galen, dei som stod rundt. Dei såg ikkje korleis det var barnet i meg som låg sundbrote og hiksta utanfor si eiga stengde dør." Desse linene er henta frå "Fante-Nils", ei forteljing om venskap, om hovmod, anger og dårleg samvit. I forteljingane "Treskilling" og "Hjelpelaus" skildrar Sivle kjærleik og mistru, havesykje og omsut, hjelpeløyse og samhald på ein måte som får kvar streng i sjela til å dirre. Felles for alle forteljingane er at dei handlar om dei store kjenslene og tankane eit barnesinn kan romme, og stemningane går rett i margen på oss. Tekstane til Sivle er ein litterær kulturarv born som veks opp i dag også bør få del i. Dei tre forteljingane vart første gong trykte i "Sogor" i 1887, og kjem her i ny utgåve for born, litt innkorta og omskrivne av Jens Brekke. Illustrasjonane til Anette Eriksson Linander er nylaga til boka. Per Sivle (1857-1904) var fødd i Aurland, voks opp på Vossestrand. Knapt nokon annan norsk forfattar har nådd lenger inn i den norske sjela enn han har gjort med "Den fyrste song". Han skreiv dikt, noveller og ein roman, og var avismann i Drammen og Oslo. Store delar av livet kjempa han mot fattigdom, svolt og ei skral helse. Jens Brekke (f.1951), frå Vik i Sogn. Lærar og kulturarbeidar. Leiar for Sivle-laget. Anette Eriksson Linander (f.1954), svensk illustratør og kunsthandverkar. Har budd på Vestlandet i fleire bolkar, og hatt utstillingar i Stockholm og Vik i Sogn.
Detaljer om boken
Kategori: Diverse
ISBN: 9788291722665
Forfatter: Per Sivle
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2006
Sideantall: 64
Utgave: 1 utg.
Vekt: 408 g
Veil. pris: 98 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.