Folket langs fjorden (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Folket langs fjorden. Historia om folket langs Storfjorden er ei historie om eit liv i slit, eit liv i fare, men òg eit liv som har eventyrets glans over seg, sett med dagens auge. Dei levde i stupbratte fjellsider, ute på stupkanten, innunder fjellhamrar, og dei levde av det naturen kunne gje dei, grastuster til krøtera, gras dei henta overalt, nede ved strendene, oppe på hamrane. Furua og lauvskogen i liene vart byggjevyrke til alle dei hus dei trong, til ved og varme og til reiskapar og andre hjelpemiddel dei hadde bruk for. Som oftast budde dei i lang avstand frå kvarandre, og vegen mellom heimane var ein krøterstig i brattfjellet, der snøskreda og steinspranga truga. Men trass slitet og trass faren kjende folket ei lukke over å få det til, vere sjølvhjelpte, sleppe å vere andre til last. No har folket søkt lunare lende, men titt går lengten attende til fridommen dei kjende der oppe på hyllene sine. Og det finst jamvel menneske som i seinare år har søkt attende til dei veglause gardane langs fjorden, sjølv om deira liv er meir lettvint enn det forgjengarane hadde. NRK-journalisten Oddgeir Bruaset laga i 1989 eit oppsiktsvekkjande TVprogram om folket langs Storfjorden. Frå dette programmet går det ei bein line fram mot TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Eit par år etter programmet frå Storfjorden skreiv han si første bok. Ho handla om storfjordfolket, og ho vart starten på ein forfattarkarriere som femner om meir enn 25 bøker. Denne boka byggjer vidare på dei andre bøkene frå Storfjorden, men ho inneheld så mykje nytt stoff og så mange fleire bilete - for det meste tekne av fotokunstnaren Per Eide - at det er ei ny bok meir enn ei ny utgåve. FOLKET LANGS FJORDEN ER EI BOK OM VÅR FORTID, MEN EI BOK FOR VÅR SAMTID.
Detaljer om boken
Kategori: Samfunn, historie
ISBN: 9788247605097
Forfatter: Oddgeir Bruaset
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2016
Sideantall: 312
Utgave: 1 utg.
Vekt: 1520 g
Veil. pris: 399 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.