Johannes Heggland (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Johannes Heggland. Johannes Heggland er kjent for store og viktige bokseriar i norsk litteratur gjennom over 60 år, for sine historiske barnebøker, for stor suksess med historiske spel, og som bygdebokforfattar. I to periodar var han ordførar i heimkommunen sin, Tysnes. Åra 1982-85 var han formann i Den norske Forfatterforening, då utropt som «frelsaren» i det som hadde vore ei turbulent tid i foreininga. Forfattarskapet byrja i 1941 med ein tetralogi (1941-48), der han med første boka, Folk under fjell, vart geni-forklart. Meldarar spurde seg om debutanten var den nye stormeisteren i nynorsk romankunst. Biografien drøftar mellom anna det å gje ut bøker under krigen og fortel korleis Heggland avslo tilbod frå okkupasjonsmakta om å gje ut bøker for det nye, store tyske riket. Etter blant anna å ha skrive 20 barnebøker på 1960-talet, og fått ei mengd med prisar for desse - dette var bøker som òg for ein del gjekk som høyrespel i radioen - kom det på 1980-talet tre nye bokseriar. Den første var Brødet frå havet, serien om Anna Gyria, kvinna som fenga folk over heile kongeriket. Heggland avslutta forfattarskapet sitt med 6 bøker i serien Tusen vårar, der den siste kom ut etter at han var død, 88 år gamal. Planen var å ta for seg det siste tusenåret i 10 bøker. Til saman vart det i forfattarskapet skrive 64 bøker gjennom 67 år. Dei mange historiske spela Heggland skreiv vart ein stor suksess, og særleg kring tusenårsskiftet, då fem spel om kristningskongen Håkon den gode vart spela på ulike stader på Vestlandet. Særleg stor suksess hadde han med Mostraspelet (Bømlo), som over 31 år vart spela for meir enn 100 000 tilskodarar. Etter Stiklestadspelet var dette då det mest kjende historiske spelet i fedrelandet. I løpet av forfattarskapet fekk han mange prisar. Rett før han fylte 86 år vart han slegen til riddar av 1. klasse av Den kongelege St. Olavs Orden. Det var eit par veker før 86-årsdagen hans.
Detaljer om boken
Kategori: Memoarer, biografier
ISBN: 9788253303871
Forfatter: Ernst Berge Drange
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2021
Sideantall: 396
Utgave: 1 utg.
Vekt: 675 g
Veil. pris: 397 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.