Illustrert norsk kristendomshistorie
Informasjon fra forlaget
Illustrert norsk kristendomshistorie. Få importartiklar har prega det norske samfunnet som kristentrua. Med bodskapen om Kvitekrist kom ein heilt ny samfunnsklasse: presteskapet. Med seg hadde dei penn og pergament, og trua på at det ikkje alltid er rett å hemne urett. Så sjølvsagt har kristentrua vorte at det er lett å bli blind for kor sterkt kyrkja pregar landet vårt. Illustrert norsk kristendomshistorie er historia om ei tru som var med på å forme det norske samfunnet til det det er i dag. Den kristne trua har spela ei avgjerande rolle for utviklinga av det norske skriftspråket og den norske mentaliteten. Kunstnarar har henta motiv og inspirasjon frå henne, og framleis gjer ho stoff til nokre av dei mest intense offentlege diskusjonane vi har her til lands. Boka har eit friskt og moderne perspektiv. Utvalet av illustrasjonar er breitt, og til kvart bilete følgjer det med ein utfyllande tekst. Hovudmerksemda er lagt på kva bileta fortel om historia, og kva motiv som har vore populære til ulike tider. Forfattarane: Hallgeir Elstad er førstelektor ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, der han er ansvarleg for etter- og vidareutdanning av lærarar i KRL-faget. Han har teologisk doktorgrad og er medforfattar av fleire publikasjonar. Per Halse er førstelektor ved Høgskulen i Volda, med ansvar for KRL-faget i lærarutdanninga der. Han er teolog med tilleggsutdanning i historie og pedagogikk. Han har tidlegare skrive Gudsord og menneskeord, som er ei innføringsbok i bibelkunnskap. Bilderedaktør: Eva Furseth har hovudfag i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho arbeider frilans, mellom anna som kunstkritikar i Bergens Tidende. For tida er ho registrar ved Museet for samtidskunst.
Detaljer om boken
Kategori: Religion, historie, litteraturvitenskap, filosofi
ISBN: 9788276747027
Forfatter: Per Halse, Hallgeir Elstad
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2002
Sideantall: 349
Utgave: 1 utg.
Vekt: 894 g
Veil. pris: 819 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.