Motstraums (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Motstraums. Denne boka handlar om Senterpartiet gjennom gode og dårlege tider frå namnebytet i 1959 til regjeringa Bondeviks fall våren 2000. I denne perioden vart Senterpartiet radikalt endra ved ei lang rekkje små endringar i organisasjonen, i det politiske interessefeltet og i dei ideologiske synsmåtane. Desse endringane kom som fylgje av ein endringsstrategi frå partielitane, men sentrale samfunnsendringar som urbaniseringa og bruksnedlegginga i jordbruket var viktige pådrivarar. Forfattaren fylgjer partiet i organisatorisk og politisk-ideologisk utvikling, maktstrategi og praktisk politikk gjennom framgangstida til tidleg på 1970-talet, den fylgjande krisetida fram til inngangen av 1990-åra og gjennom dei turbulente 1990-åra. Slik kjem også dei indre spenningane og konfliktane i partiet fram. Boka inneheld mellom anna analyse av Senterpartiets rolle i EF/EEC/EU-sakene frå saka fyrst kom opp tidleg på 1960-talet til partiet sat i regjeringa Bondevik etter valet i 1997. Størst vekt er det lagt på å etablere ei forståing av dei to klåre fornyingsregima i den nyare partihistoria . det Bortenske og det Lahnsteinske partiregimet. Trass i at partiet har hatt mange regjeringsdeltakingar er det eit gjennomgåande drag at partiet har symd motstraums mot endringar i næringsstruktur og demografi og mot rådande veksthaldningar og europeiske draumar i dei urbane elitane. Forfattaren trekkjer òg lange liner gjennom partihistoria heilt attende til Bondeparti-perioden.
Detaljer om boken
Kategori: Sakprosaverk for voksne
ISBN: 9788252154351
Forfatter: Roar Madsen
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2001
Sideantall: 384
Utgave: 1 utg.
Vekt: 1049 g
Veil. pris: 400 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.