Der vi gøymer løyndommar (Pocket)
Informasjon fra forlaget
Der vi gøymer løyndommar. «5480 dagar av livet mitt forsvinn aldri». Dagane det er snakk om, er dei dagane kroppen til dikt-eget var i kamp med seg sjølv, dei dagane spiseforstyrringa styrte tilværet hennar. Dristig og hudlaust skriv Charlotte Riise om erfaringa med bulimi; det skambelagde. Men Der vi gøymer løyndommar er meir enn ei sjukdomshistorie. Det er dikt som med stor poetisk kraft og myndigheit tematiserer konfliktar mellom det indre og det ytre, mellom kropp og tanke, kjærleik og hat. Det handlar om kroppen som språk, som kommunikasjon. Det handlar om å arbeide, i ein prosess, til skamma og frykta for å stole på seg sjølv og andre vert mindre. Heilt til dei 5480 dagane er fortid, sjølv om dei aldri forsvinn.
Bokmeldarane meiner:
"Riises dikt opererer på eit anna nivå enn sjølvutleverande sjukdomsvedkjenningar som dukkar opp i media. Det gjeld ikkje minst på det språklege planet. Det er finstemt, nake, direkte. Linjene er påfallande metaforfattige og frie for sensasjonelle eksessar og overdrivingar, som jo er eit trekk ved lidinga. Språkmedvitet er nærast asketisk regulert. Eit underliggjande trykk og ein skarp desperasjon er likevel høgst merkbart: 'Å endre forteljinga / med kroppen, det som blei sagt / ligg mellom fingrane i halsen.'"
Sindre Ekrheim, Bergens Tidende
"Innimellom jegets skildringer av kroppshatet lyser det gjennom et ønske om formidling, en vilje til å la språket dra henne tilbake til livet. Der vi gøymer løyndommar er en erkjennelse av kroppen som et rom man aldri kan forlate. Riise lykkes med å la døren stå på gløtt."
Agnes Banach, Klassekampen
"Riise er ein poet som gjev alt, og dikta er presise, utan longørar eller klisjear."
Tore Elias Hoel, Dag og Tid
"Der vi gøymer løyndommar speler fiolin på deg, varsamt, med såre strenger som gir gjenklang i ei gløymd sorg. (...) Samlinga som heile antydar og fortel forsiktig og subtilt. Eg vil seie det til alle: les dikta til Charlotte Riise!"
Hjørdis-Linnea Myhre, Framtida.no
Detaljer om boken
Kategori: Lyrikk
ISBN: 9788205462960
Forfatter: Charlotte Riise
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Pocket
Utgitt år: 2014
Sideantall: 73
Utgave: 1 utg.
Vekt: 151 g
Veil. pris: 279 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.