Sjøskade (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Sjøskade. "Og om natta når alle søv, svømmer delfinane heilt inn i dei trongaste fjordane og legg seg inntil gjestebryggjene, når det er stille i gatene, kjem reven ned lia og snusar på søppelspanna, når eg ligg og søv, løftar naturen seg opp frå bøygde nakkars dalar og lute buskar medan dei sjøskadde draumane skyl hovudet mitt reint og prøver å fortelja meg at det går bra, eg kjem tilbake, no er eg tilbake, det finst luft nok her". Johs har flytta heim til garden ved sjøen der han vaks opp. Her bur han saman med dottera Jill og faren Paal, enkemann på andre året. Etter ei dykkarulukke, då oksygentilførselen svikta og Johs var nær ved å drukna, har han slite med syn og med sansane, og han har vore sjukemeld frå jobben som marinbiolog i lang tid. Men i kjellaren på garden ligg eit hemmeleg forskingsobjekt han skal skriva rapport om, og som skal bli Johs sin veg tilbake. "Sjøskade" er ein roman som krinsar rundt naturen, sjøen og havet - det mytiske, livgjevande og øydeleggjande havet - både som tema og skodeplass. Det er også forteljinga om tre ulukker, og om ein liten familie med tre medlemar i tre generasjonar. Eirik Ingebrigtsen går tett på og skriv nært og sanseleg om kvardagen og dei store livskreftene, og om ein far si frykt og omsorg.
Detaljer om boken
Kategori: Romaner
ISBN: 9788249523306
Forfatter: Eirik Ingebrigtsen
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2021
Sideantall: 183
Utgave: 1 utg.
Vekt: 314 g
Veil. pris: 379 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.