Dialogar om tekst: praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget
Informasjon fra forlaget
Dialogar om tekst: praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget. Korleis kan ein leggja forholda til rette slik at elevane utviklar skrivekompetansen sin? Det er eit av dei spørsmåla forfattaren prøver å gi nokre svar på i denne boka. For å utvikla elevane sin skrivekompetanse treng dei å skriva, men samstundes treng dei også nokon å samtala om teksten med. Ein stor del av denne boka er difor analysar nettopp av dialogar mellom lærar og elev om eleven sin eigen tekst. Desse analysane viser korleis dialogen om eleven sin tekst kan vera læringsfremjande. «Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget» er ei praktisk orientert metodebok for lærarar. Boka er fagdidaktisk og praksisnær med mange gode eksempler frå klasseromma. Boka bygjer på det synet at den gode dialogen mellom lærar og elev om eleven sin tekst fremjer læring hos eleven. Difor er det viktig å organisera undervisninga slik at dialogen om tekst inngår i sjølve arbeidsmetoden. Læraren må leggje til rette for at samtalar om elevane sine tekstproduksjon og skriveutvikling skal finne stad dagleg. Analysen av ulike dialoger i boka kan seie noko om læringspotensialet i dei, medan den praktiske delen viser organiseringa av ulike undervisningssekvensar som innbyr til dialog. Den siste delen av boka har difor eit meir praktisk-pedagogisk siktemål. Her vert det skissert fire ulike måtar å iscenesetja undervisninga på, som gir rom for samtalar om eleven sin skrivne tekst. Desse undervisningskontekstane er: Tekstskaping og skriving på datamaskin på 1. trinn, Forlag som metode på 3. trinn, Skriving i avissjangrar på 7. trinn og Bruk av elektroniske kommentarar på 8. trinn. Boka rettar seg primært mot studentar i lærarutdanninga og norsklærarar i grunnskulen.
Detaljer om boken
Kategori: Språk og estetiske fag
ISBN: 9788215010809
Forfatter: Anne Håland
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Pocket
Utgitt år: 2007
Sideantall: 221
Utgave: 1 utg.
Vekt: 474 g
Veil. pris: 469 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.