Profesjonsetikk for bioingeniørar og radiografar
Informasjon fra forlaget
Profesjonsetikk for bioingeniørar og radiografar. Radiografar og bioingeniørar møter mange utfordringar i arbeidet sitt. I korte møte skal sårbare pasientar behandlast med respekt og omsorg, ein skal samarbeide godt og effektivt med andre profesjonar og sikre høg kvalitet i eigen profesjonell praksis. I slike situasjonar kan ulike krav og forventningar ofte komme i konflikt med kvarandre. Dette er utgangspunktet for denne innføringsboka i profesjonsetikk for bioingeniørar og radiografar.. I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt; for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. I andre del av boka ser ein på bioingeniørane og radiografane si rolle i helsetenesta, og kva etiske tema, utfordringar og problemstillingar som pregar desse profesjonane. Her står det kroppslege møtet og bruken av teknologi sentralt, men også problemstillingar rundt teieplikt, tvang og varsling blir grundig behandla. Profesjonsetiske retningslinjer og lover blir gjennomgått, og avslutningsvis blir forskingetikk behandla i eit eige kapittel. Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytta mastergradsprogrammet i «Verdibasert ledelse», og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing. Turid Aarhus Braseth er høgskulektor ved bioingeniørutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, Bergen, der ho har ansvar for etikkundervisninga på bachelornivå. Braseth sat i utvalet som vart nedsett i 1990 for starte opp etikkarbeidet i Norsk Bioingeniørforbund (NOBI). Ho har òg vore medlem av Yrkesetisk råd. Anne Synnøve Røsvik er førsteamanuensis ved bioingeniørutdanninga ved NTNU Ålesund, der ho har ansvaret for etikkundervisinga. Røsvik har vore medlem i Yrkesetiske råd og vore med å utarbeide yrkesetiske retningslinjer og læremateriell i etikkfaget for bioingeniørar. Milka Satinovic er førsteamanuensis ved radiografiutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, Bergen, der ho har ansvar for undervisning i etikk og helse- og sosialpolitikk. Ho har særleg forska på pasienterfaringar og har vore medredaktør og forfattar på fleire metodebøker i grounded theory.
Detaljer om boken
Kategori: Naturvitenskapelige fag
ISBN: 9788252194784
Forfatter: Einar Aadland, Turid Aarhus Braseth, Anne Synnøve Røsvik, Milka Satinovic
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Pocket
Utgitt år: 2018
Sideantall: 218
Utgave: 1 utg.
Vekt: 380 g
Veil. pris: 349 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.