Rapportar frå randsonene (Pocket)
Informasjon fra forlaget
Rapportar frå randsonene. Forteljing skjer alltid på ein bestemt stad, i eit hus, i eit rom, skriv den franske forfattaren Marguerite Duras, ei innsikt som ho spinn vidare på; at det stadbundne ikkje berre gjeld det å skape, å skrive, men òg korleis ein skal leve, at òg der handlar det om at det skjer ut frå ein stad. I essayet «Tvetydighetens etikk» skriv den franske fiosofen og forfattaren Simone de Beauvoir om korleis vi forvaltar fridommen vår og peiker på at det vi gjer som frie individ, vala våre, påverkar andre - og det må vi ta ansvar for. Som ho skriv: «Våre friheter støtter hverandre lik steinene i en hvelving, men det er en hvelving som ikke holdes oppe av noen søyler.» Forfattarane i denne essaysamlinga tematiserer og utfordrar på ulike måtar førestillingane våre om fridom - og at dei skriv frå ulike randsone. I økologien betyr randsone eit grenseområde som kan fungere som utvekslingsstad og spreiingskorridor for ulike artar. Dei randsonene vi møter i denne boka, knyter seg i stor grad til ei (ut)veksling mellom fridom og fellesskap, men òg mellom fantasi og verkelegheit. Slik kan somme av bøkene lesast som ein spreiingskorridor, til dømes Sara Stridsbergs og Inger Bråtveits bruk av levd liv og verk i litteraturhistoria når dei skriv sin eigen litteratur eller måten Jon Fosse skildrar liv i randsona mellom dei levande og dei døde, mellom det mytiske og det realistiske - og det kan òg opne nye perspektiv i lesinga av Geir Gulliksens mange portrett av mennesket som forsvinn heilt for seg sjølv i samspelet med andre. Kva kan skje i litteraturen i ein slik grøn korridor. Er det for eksempel ein stad der forfattaren skriv seg fri frå sine førelegg i eigen litteratur? Er det ein stad der den litterære fantasien har særskilt gode vekstvilkår? Og er denne randsona ein stad der så vel fridom og einsemd som død kan skildrast på sitt mest truverdige?
Detaljer om boken
Kategori: Kultur, religion, kunst
ISBN: 9788283831054
Forfatter: Margunn Vikingstad
Språk: Norsk (Nynorsk)
Format: Pocket
Utgitt år: 2021
Sideantall: 118
Utgave: 1 utg.
Vekt: 181 g
Veil. pris: 349 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.