Fattigfolk i Bergens stift 1755-2005 (Innbundet)
Informasjon fra forlaget
Fattigfolk i Bergens stift 1755-2005. Dette er ei bok om utgrupper i bygd og by på Vestlandet gjennom 250 år, om dei som ikkje kunne eller ikkje ville syte for seg sjølve. Dei verdige fattige var dei som ikkje kunne: fattige born, dei vanføre eller kronisk sjuke og dei gamle. Dei som ikkje ville var uverdige og farlege: landstrykarane, dei arbeidssky, drukkenboltane, dei kriminelle og dei prostituerte. Lovverket gav reglar og rammer for korleis fattigfolk skulle handterast. Langt tilbake var det ætta sitt ansvar. Den som ikkje hadde ætt, var ille ute. Trellar som kom i armod skulle ein grave grav til, og la dei døy. Kristendommen kom til landet og gav dei fattige rettar og kravde meir human behandling. I 1755 tok det offentlege ansvar og Kongen gav ei forordning for korleis fattigvesenet i Bergens stift skulle ordnast. Det skulle verte slutt på tigginga, dei arbeidsføre skulle setjast i arbeid, om naudsynt med tvang. Kvart sokn skulle syte for sine og ha fattigkommisjon og fattigkasse. Dei verdige skulle få hjelp. Denne boka fortel om bakgrunnen for fattigforordninga, om korleis det gjekk med innføringa av denne, om kjeldene og korleis samfunnet leita etter løysingar for handteringa av fantane, drankarane og resten av dei "uverdige" fattige.
Detaljer om boken
Kategori: Samfunn, historie
ISBN: 9788291722542
Forfatter: Jørn Øyrehagen Sunde, Frode Ulvund, Svein Indrelid, Marianne Herfindal Johannessen, Bente Kopperdal
Språk: Norsk (Bokmål)
Format: Innbundet
Utgitt år: 2005
Sideantall: 159
Utgave: 1 utg.
Vekt: 580 g
Veil. pris: 298 kr
Om forfatter
Frakt
Hos Bokia.no gjør vi vårt beste for å sikre rask, trygg og miljøvennlig levering av dine bøker.
Leveringsalternativer
Vi tilbyr frakt med Posten/Bring og Helthjem, slik at du kan velge det som passer deg best. Fraktprisen beregnes automatisk i kassen basert på fraktmetode og leveringssted. Ønsker du å hente selv? Du kan kostnadsfritt hente bestillingen på vårt lager på Bryn i Oslo.
Leveringstid
Vanlig leveringstid er 3–5 virkedager, avhengig av fraktleverandør og hvor i landet du bor. For adresser i Nord-Norge må det påregnes noe lengre leveringstid.
Behandlingstid
Bestillinger gjort før kl. 12 sendes normalt samme dag. Etter kl. 12 sendes bestillinger dagen etter. Bestillinger gjort i helgen sendes mandag.
Vi gjør alltid vårt ytterste for å pakke bøkene trygt og miljøvennlig.